web analytics

Fyrfargar i februar

Om prosjektet

Frå januar til april 2013 hadde eg eit intensivert arbeidsopphold på Tungenes fyr på Randaberg i Rogaland. Eg hadde sett meg føre å undersøke fargane i landskapet og også vinterlyset.

Tekstur. Prosjektet starta vidløftig med avanserte former og fleire fargar. Gradvis blei detaljer eliminerte og måla over, og flatene vart nesten som papir med små variasjonar i billedoverflata. Bilda har óg eit taktilt preg. Det er fristande å berøre flatene. Uttrykket er abstrakt med rette fargefelter vevd saman i ulike nyansar av kvitt, brunt, grått, beige, turkis, blått. Teknikken er lag på lag i akrylmaling på lerret.

Bilda er ikkje horisontar, og ikkje himlar, og ikkje hav. Men er heller meditasjonar over eit landskap og ei årstid. Og: Det er fyrfargar. I februar.

“Fyrfargar i februar” er ein del av “On the Edge”.

Send ei melding om du har spørsmål om Fyrfargar i februar.